Publisert: 12.02.2020
Klimakur-rapporten viser at det er stort potensial for utsleppskutt i kommunesektoren, og at desse kutta kan oppnåast raskare og i større omfang i samarbeid med andre.
Desse samarbeidspartnarane vil først og fremst vere staten og næringslivet. El-ferjene, byvekstavtalane og utsleppsfri anleggsverksemd er berre tre døme på slike tiltak som er løyste ut gjennom samarbeid. Vi kan få til endå meir i fellesskap.
Klimakur 2030 slår fast at tiltaka som må til for å nå Noreg sine Paris-mål, føreset at ei lang rekkje nye og forsterka verkemiddel kjem på plass på kort tid. Takta på innfasinga vil vere avgjerande. Landstinget ber derfor regjeringa leggje vekt på slike nye og forsterka verkemiddel allereie i revidert nasjonalbudsjett, statsbudsjettet 2021 og i stortingsmeldinga om klimapolitikken fram til 2030. Dette er blitt særs tydeleg i arbeidet med å gjere ferjeflåten utsleppsfri. Dei fylka som har gått føre, har fått store meirkostnader som gjer at nye, grøne og innovative prosjekt både for ferje, hurtigbåt og buss kan bli sette på vent. Landstinget ventar at samtalane regjeringa har invitert ferjefylka og KS til - om dei reelle kostnadene ved el-ferjene - blir følgde opp med auka løyvingar i statsbudsjettet.
Vi set pris på at kommunesektoren si klimarolle er gitt eit eige kapittel i Klimakur 2030. Det tek Landstinget som ei oppmoding til staten og næringslivet om å finne nye løysingar i samarbeid med kommunar og fylkeskommunar. Nokre av desse løysingane vil ikkje krevje pengar, berre vilje. Eit døme på det er merknadene i Klimakur 2030 om at staten kan gi heimel til miljøsoner og til å stille klimakrav til bruk av byggematerialar.
Kommunesektoren kan påverke eit anna felt som er viktig i Klimakur-rapporten; arealbruksendringar. Landstinget er positivt til eit forsterka samarbeid med staten om auka heilskap i arealvedtak både i kvar enkelt kommune og på tvers av kommunegrenser. Slikt samarbeid kan i større grad leggje vekt på den samla effekten for utslepp av klimagassar. Framlegga i Klimakur 2030 knytte til dette, vil vere interessante å utvikle vidare. Samstundes må arealpolitikken ta høgd for dei store skilnadene mellom by og land i Noreg, og sikre det lokale sjølvstyret. Landstinget ønskjer levande distrikt med vekst og utvikling i heile landet.
Finansieringsordninga Klimasats har vore ein drivar for mange kommunale klimatiltak, slik det er slått fast i Klimakur. Landstinget krev derfor at ordninga minst vert halden oppe på same nivå som før.
Auka omfang av ekstremvær er ein konsekvens av klimaendringane. Landstinget vil peike på at dette gjer det naudsynt å sikre lokalsamfunna og offentleg infrastruktur som vegar og vass- og avløpsanlegg betre mot skadar som følgje av flaum, ras og overvatn. Landstinget etterlyser eit raskt og markant løft i løyvingane til førebyggjande flaum- og skredsikringstiltak. Kommunane må også få auka handlingsrom til å kunne førebu og finansiere lokale tiltak for å handtere overvatn.