Publisert: 12.02.2020
Nærleik til innbyggjarane gir kommunar og fylkeskommunar det beste utgangspunktet for å prioritere effektivt, å løyse komplekse utfordringar og å møte behov og ønske frå innbyggarane. Landstinget i KS reknar med at dette kjem tydeleg fram i ny perspektivmelding.
Kommunesektoren er heilt sentral for å klare dei utfordringane vi står overfor, mellom anna som følgje av fleire eldre og av klimaendringar. For å lykkast er det viktig at kommunane og fylkeskommunane får handlingsrom til å finne eigne løysingar.
Landstinget viser til at skiftande regjeringar og skiftande fleirtal i Stortinget over tid har makta å gi økonomiske rammer til kommunesektoren som minst har vore på høgde med veksten i utgifter knytt til demografiske endringar og utviklinga i pensjonsutgifter. Gode skatteinntekter over fleire år har resultert i mange rekneskap med positive tal i kommunane. Det er likevel grunn til uro over at utgiftene til pleie- og omsorgstenester aukar sterkt i mange kommunar, og aldringa i folket vil auke utgiftene endå meir.
Landstinget ventar at ny perspektivmelding endå ein gong vil gjere det klart at utfordringane med å finansiere det offentlege tenestetilbodet i framtida aukar. Det er derfor grunn til å vente strammare budsjett i kommunane nokre år fram i tid. I den situasjonen er det viktig for kommunesektoren at:
- Staten ikkje innfører nye velferdsreformer i kommunesektoren dersom dei ikkje er finansiert fullt ut. Innføringa av bemanningsnormer i oppvekstsektoren er eit døme på det motsette.
- Staten er særs varsam med lovfesting av nye individuelle rettar, eller med detaljerte krav til korleis kommunane og fylkeskommunane skal løyse oppgåvene. Framlegg om detaljstyring på integreringsområdet, og å fjerne fylkeskommunane sin rett til å fastsetje reglar for opptak til vidaregåande opplæring ut frå lokale høve og omsyn til høgast mogeleg fullføring, er nylege døme på det motsette.
Landstinget meiner at målet om eit samfunn med låge klimautslepp må få konsekvensar for budsjettprioriteringane i både RNB 2020 og i statsbudsjettet 2021. Det må finnast ei snarleg finansiell løysing som står seg også i framtida for fylkeskommunar som kuttar utslepp i kollektivtrafikken, og som dreg på seg større ekstra driftsutgifter på grunn av dette.
Råde- og forvaltningsretten over lokale naturressursar er ein grunnpilar i lokaldemokratiet. Å utnytte vasskraft har i meir enn 100 år gitt lokalsamfunn direkte inntekter gjennom lovfesta ordningar. Landstinget ventar at vertskommunane for vasskraft får ført vidare dei noverande ordningane som sikrar ein del av verdiskapinga, og at andre naturressurskommunar framover også vert sikra ein varig del av verdiskapinga basert på å gi frå seg naturressursar.